På siste klubbmøte var det spørsmål om namnet på ei blokk, noko som bloggred. lova å finne namnet på. Dette er utsnitt av ein løpar sydd på eit kurs av underteikna, men både når og korleis eg lærte dette er i det uvisse! Blokka heiter Shaded Four Patches eller Marys Triangles.
HER er link til ei side med framgangsmåte/Tutorial til denne blokka. På sida til Treadleon er det også lagt ut korleis ein syr blokka, også med mange bilder av korleis ein kan setje sammen blokkene og få ulike mønster. HER kjem du til sida.
Om du vil sjå det på video, så finn du det HER.
Men ofte har ein bruk for annan storleik på ei blokk enn akkurat ei oppskrift legg opp til, og ein treng ein måte å tilpasse måla på. Det dukka opp ei side med ein omrekningstabell, HER finn du den. Om den er brukandes, gjenstår å finne ut, men det er berre å prøve seg fram.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar