fredag 20. mars 2020

Litt påskesyssel!

Hallo alle quiltarar som sit på kvar sin post! Nokre treng kanskje litt nye idear, og sidan det no nærmar seg påske, kan det kanskje være kjekt å lage noko som passar som påskepynt. Det er mulig at det vert tid til fleire tips her på bloggen no fram til påske, følg med så ser de!!

Denne harepusposen er både fin og praktisk, her kan du ha alt frå snop oppi, til stitchery eller påskeblomster...….allsidig form!

I fjor før påske  hadde vi ein slik pose som syaktivitet på eit klubbmøte, då hadde Synnøve laga eit mønster som vi brukte då. Det var ein veldig kjekk aktivitet, og mange slike posar vart sydd både då og etterpå. HER finn du bilder frå Vis og fortel på aprilmøtet i fjor.

Dette bildet er funne på bloggen 
https://pippi22.blogspot.com/

Det mønsteret som vert lagt ut her, er ikkje det samme, men er fullt brukbart. Her er også "steg for steg" framgangsmåte, på engelsk. Mønsteret er gratis og er laga av Stitched by Crystal. For å få til å knyte øyrene godt, bør du kanskje forlenge dei, prøv deg fram!





Ingen kommentarer: