lørdag 14. mars 2020

Litt syinspirasjon!

Det ser ut til å bli ei tid med få sammenkomster for oss quilteinteresserte, og nokre må kanskje holde seg heime i heile 14 dagar!! Vi får håpe at stofflageret er velfyllt så de kan sy i veg.

For dei som følgjer Quiltesiden på Facebook, så vart det i går opna opp for at butikkar kan annonsere sine varer der.

Mange butikkar hadde nok også auka opp lageret sitt til Norsk Quiltetreff som også vart avlyst.  Det skulle gå føre seg på Sola ved Stavanger 22-23.3.

No strekkjer butikkane seg langt og ekstra langt i service til kundane sine. Dei promoterer varer og legg til rette for sending til rimelig frakt, nokre har nesten "take away" medan andre kan ta imot bestilling og gjere klart for levering i butikkdøra!!

 Vår lokale butikk Sybutikken Primula Design har lansert "Du ringer/vi pakker" i sin butikk! Og tipper at om du lurer på stoff i spesielle farger, så legg ho ut bilder når ho har tid!!



På Quiltesiden i går var det lagt ut tips til kva ein kan sy om ein no får ekstra tid heime. Eit fint dekorert penalhus sydd av Merete Nybro Berg vart kommentert av underteikna, og jammen kom der både  mål og link til framgangsmåte! 

Mål til penalhus: kuttemålene på penalhuset er 32x32cm. Husker ikke helt hvor store firkanter jeg har klippet ut i hjørnene, men tenker de er ca 3x3cm. Fremgangsmåte til penalhuset finner du på bloggen vår. Bruk målene over her i denne oppskriften:

Meretes toalettveske/penalhus

Så no er det berre å leite fram stoff, og kanskje lage nokre julegåver allereie no??

Lykke til!

1 kommentar:

Primula Design sa...

Hei Ingun frå Primula Design her ,ja det er berre å ta kontakt på tlf99482474 eller facebook så kan eg nok ordna det meste.Ta vare på helsa og kvarandre og nyt øyeblikket. Helsing Ingun