fredag 13. mars 2020

Neste quiltemøte avlyst!

Hei alle medlemmer!

På forige quiltemøte vart det bestemt å flytte aprilmøtet til 31.3. Som alle sikkert reknar med no, så må vi utsetje neste møte på ubestemt tid. Om det blir møte i mai, vil tida vise, men uansett vil vi komme med informasjon her på sida.

Det blir sjølvsagt også info på Facebooksida vår, der vert det kanskje også innlegg som blir delt frå andre sider.

De må også følge med på eposten dykkar, for ein del info legg vi ikkje ut offentlig.
(bildet er frå emblibrary.com)

Vi håpar at de no nyttar tida i heimen til å sy, og om de treng meir stoff, så må de kikke på Facebooksida til Sybutikken Primula Design. Der vert det lagt ut flotte bilder av stoff og du kan ringe og bestille så det er klart til henting! Fort gjort!

Ha gode sydagar!!

Ingen kommentarer: