søndag 1. mars 2020

Velkommen til marsmøtet!

Det er blitt mars og vår og det er tid for nytt quiltemøte!!

Tirsdag 3.3 ynskjer vi alle quilteinteresserte velkomne til ein kjekk og lærerik kveld kl 18.30-21.30 på Stokkenes gjestegard.

MEN vi har ei lita oppfordring du bør merke deg! I desse virustider ber vi om at dersom du har vore i utlandet,  eller vore i kontakt med nokon som har vore i virusramma område, så bør du vurdere om du bør komme. Dette er på oppfordring frå nokre av våre medlemmer som har pårørande som bør vernast mot evt. smitte.

Denne kvelden vil vi vise korleis ein syr ei  korg av snøre!! På forige møte viste Rigmor eit par korger ho har laga, og Gitte har også brukt denne teknikken.


Om du vil sy ei slik på møtet, så vil Gitte lære frå seg teknikken!!

  • Du treng då å kjøpe eit kraftig snøre, dette får du på Biltema av typen Polypropylen 4  mm. tjukk. Dette finn du på båtavdelinga og koster ca kr 40 for 30 m. Der er også noko som heilter polyestersilkeline, 5 mm tjukk, kostar litt meir, den er kvit. Har du anna snøre du vil prøve, så ta det med deg, så får du råd med Gitte!

  • Du treng stoffremser kutta på skrå til å snurre rundt, desse bør være ca 2 cm breide.
  • Symaskin med jeansnål, knappenåler og elles vanlige sysaker.
  • Ein liten strikkepinne til å holde tauet på plass i starten av syinga.


Elles vert det vanleg møte med
  • Vis og fortel
  • Kaffipause 
  • Lotteri

Velkommen på møte!

Ingen kommentarer: