Alle bilda i dette innlegget er teke av Laila U. Piel som gjekk på kurset.
mandag 17. oktober 2011
Sun Bonnet Sue kurs! Del 2
søndag 16. oktober 2011
Kurset er i gang!
Dette er Bente Tuftes kursmodell

Her var det ikkje berre å sy i veg i full fart. Fargane på lappane var nøye planlagt, kutta opp og sortert i store lad. Her måtte ingen vind komme og lage uorden!!
Dei heldt på med å montere den første ruta, og pinlig nøyaktighet gav resultat. Og med den fantastisk flotte kursmodellen å sjå etter, så er nok dette motivasjon til å vere nøyaktig og tålmodig. Basisen er eit ukjent antal små lappar, i opne felt er det applikert nydelige motiv for hand og rundt kantane er det mange små stitchery. Det heile er så quilta for hand, eit nydelig handverk!! Så her kan damene på kurset sjå fram til mykje kos med handarbeid i mørke vinterkveldar.
Fleire bilder kjem om det dukkar opp bilder til red. på epost frå kursdeltakarar!
torsdag 13. oktober 2011
Sun Bonnet Sue kurs!
Komande helg er det kurs igjen, no er det Sun Bonnet Sue som er tema
og kursholder er Bente Tufte. Kva som kursdeltakarane får lage, gjenstår å sjå!
Ved søk på nettet er det mykje info og bilder å finne. Har lagt ut nokre få linkar på dette innlegget, men søk på namnet på Google og klikk på bilder/images, så finn de mange flotte bilder.
I avisa Lappenytt til Bergen Quiltelag på s 12, link HER, finn de bilde og omtale av eit kurs som Bente har hatt der.

Her på denne heimesida finn du info om kva Sun Bonnet Sue er.
OBS! OBS! Siste nytt frå kursleiar no kl 18.00, det er visst plass til nokre få til på kurset, så kontakt Siv på 91531479 om du hiver deg på i siste liten!
onsdag 12. oktober 2011
Hos Didriks!!
Då er vi invitert!! Invitert til å være "fluge på veggen" på den koselige kafeen Didriks på Nordfjordeid.Vi har no vore i kontakt med kafeeigar, og frå 1.veka i november kan medlemmane stille ut quilter for salg på veggane i kafeen. Dette vart også omtalt på siste klubbmøte. Alle kan delta med sine arbeid som dei vil selje. Av naturlege årsaker, så bør dette vere ting som egnar seg til å henge på veggen, ikkje for lite og ikkje for stort! Husk namnelapp og pris!
Sidan det også nærmar seg jul og kjøp av julegåver, så kan vi ha dette i tankane når vi skal lage til salsutstillinga.

Vi kjem til å henge opp "salsvarene" samla, og då ynskjer vi at de tek med det som de vil selje, på klubbmøtet i november. Har de meir spørsmål til dette, kontaktar de leiar i klubben, Anne marie Holsvik, tlf 578 73777, mob.95137013.
mandag 10. oktober 2011
Vestlandstreff 2013
Vestlandstreff 2011 i Ålesund er no historie, men i 2013 kan vi ta turen til Molde!
Der er Molde quiltelag arrangør.
Men før den tid, så er det Voss quiltelag som arrangerer neste år!
torsdag 6. oktober 2011
Sylaurdag
På siste klubbmøte fekk dei frammøtte vite at det vert sylaurdag 5.november på Stokkenes Gjestegard.
Dørene opnar kl 9 og så held vi på til ut på ettermiddagen ein gong, når det blir avtaler vi der og då.
Vi skal då gjere ferdig alle "Tepper som varmer", dei som har ferdig topp skal vi quilte på quiltestativet som Primula Design let oss låne. Dette er også ei god anledning til å lære å bruke dette, då kan du seinare leige dette til eige bruk. Dei teppa som er quilta ferdig, skal få lukkekant, så her blir det allsidig arbeid som alle kan delta i. Vi håpar at mange kjem på sylaurdagen, heile eller deler av dagen er like bra, det viktigaste er at vi vert mange på ein slik dugnad.
Arbeidet vil då bestå av:
- Evt. ferdigsying av toppar
- Klipping/tilskjæring av vatt og bakstykke
- Quilting på quiltestativet eller på eiga symaskin
- Kutting og påsetjing av lukkekant enten med maskin eller for hand.
Vi lagar til kaffi/te og så tek den enkelte med seg niste, evt noko ein også vil dele med andre. Det bestemmer du! ....og så har du vel Hexagonarbeidet ditt på lur til ledige stunder??
onsdag 5. oktober 2011
X antal Hexagon!!
Her kjem berre eitt bilde i dette innlegget, med det fortener all merksemd!! Eit fantastisk arbeid sydd for hand, påbegynt i det forige århundre fekk vi vite!
Her er det hexagon i alle fargar og mønster, fint innramma av kvitt stoff. Berre heilt nydeleg!
Så til alle som no er begynt på sine lappar,....hold ut! Det kan bli like fantastisk!
Festmat frå Sunndal
Når mange quiltedamer samlast til klubbmøte og god mat til kaffipausen, så dukkar det ofte opp nye og spennande smakar. På siste klubbmøte fekk vi smake noko som dei fleste av oss aldri hadde høyrt om, VAFLER med SUNNDALSGRØT på!!
(stor porsjon)
200gr meierismør
200 gr hvetemel
2 dl kremfløte
2 kp sukker
2 l H-melk
1/4 ts vaniljesukker.
Smelt smør, ha i fløte, mel, rør i 1 kp sukker. Kok opp. Spe med kokende melk, rør i resten av sukkeret ,vaniljesukker til slutt.
Dersom grøten blir for tykk, spe med mer kokende melk. Kok til melsmaken er borte.
Kanel strøes over.
Lag vafler og ha til grøten.
Dette er festmat i Trøndelag
Mange av oss har høyrt om sveler med ein liknande semulepudding på som dei brukar i indre Nordfjord, men dette nye måtte alle smake på. Og det var NYDELEG!! Så no kjem oppskrifta frå Solfrid her!

SUNNDALSGRØT til VAFLER(stor porsjon)
200gr meierismør
200 gr hvetemel
2 dl kremfløte
2 kp sukker
2 l H-melk
1/4 ts vaniljesukker.
Smelt smør, ha i fløte, mel, rør i 1 kp sukker. Kok opp. Spe med kokende melk, rør i resten av sukkeret ,vaniljesukker til slutt.
Dersom grøten blir for tykk, spe med mer kokende melk. Kok til melsmaken er borte.
Kanel strøes over.
Lag vafler og ha til grøten.
Dette er festmat i Trøndelag
mandag 3. oktober 2011
Dessertkake
Ei av kakene denne helga var ei enkel dessertkake, ser fristande ut, og er rask å lage. Her kjem oppskrift:
FRUKTTERTE
3 egg
2,5 dl sukker
75 g smelta margarin
3 dl kveitemjøl
0.75 dl melk
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
Ha egg og sukker i ein bolle og rør sammen med ein strengvisp. Ha i melk og det smelta smøret, tilsett så resten og rør til røra er glatt.
Ha i smurt rund form 28 cm eller i lita langpanne,
Steik nest nederst i ovnen i 25 min v/200 gr.
Krem:
Kaka er lav og skal ikkje delast, dvs. at alt skal oppå.
1 pk kremfløyte
1 pk Piano vaniljekrem
3 pl gelatin
Bland piska fløyte med vaniljekremen, løys opp gelatinplatene i ca 2 ss vatn og bland i. Dette gjer at kremen held seg på plass.
Pynt:
1 pk skogsbærblanding
søndag 2. oktober 2011
Andrè Wallenborg var her!!!
Denne helga som no er omme, må berre kallast super!!

Døme: Kutt delen 25,2 cm,.....eller slik: sy ca 1 millimeter inn frå kanten!!



Dette var eit behagelig kurs, veldig strukturert slik at alle klarte å henge med og fekk med seg forklaring og vising av teknikk. Og vi fekk skryt tilbake, for vi var ein "jamn" gjeng, syinga gjekk som ein leik.


Andrè tok seg god tid til å vise oss mange lure knep for å få arbeidet fint. Millimeterane var viktige, men også kvar vatten skulle "stoppe" for at vi ikkje skulle få tjukke saumar.
Dei ferdige produkta, her manglar ei veske på bildet, men den var i bruk på sitt første gallaoppdrag,....... den var i bruk på Opera Nordfjords matinè av "Tryllefløyten"!!
Ein fornøgd kursholdar som vi gjerne vil ha tilbake til nye kurs.





Andrè tok seg god tid til å vise oss mange lure knep for å få arbeidet fint. Millimeterane var viktige, men også kvar vatten skulle "stoppe" for at vi ikkje skulle få tjukke saumar.
Dei ferdige produkta, her manglar ei veske på bildet, men den var i bruk på sitt første gallaoppdrag,....... den var i bruk på Opera Nordfjords matinè av "Tryllefløyten"!!
Abonner på:
Innlegg (Atom)