Dagen før dagen! I morgon tysdag er det klart for medlemsmøte igjen på Stokkenes Gjestegard.
På møtet vil de få lære å lage eit laaangt skråband av eit kvadrat. Haldis vil vise oss ein lur teknikk, og om du også vil prøve dette, tek du med deg eit stoffstykke, td. eit kvadrat på 12-13 inch, (helst eit lyst stoff som det syner att kulepenn/tusj på),linjal, kulepenn/tusj og ei stoffsaks. Det blir sydd på maskin, men det får du låne om du vil det.
Vi får også høyre om Norsk Quiltefestival, nokre av medlemmane våre var ein tur dit.
Denne gongen håpar vi på eit fyldig "Vis og fortel", for pga arrangement tidlegare. I haust, så blir dette sesongens første!
Då ynskjer vi både nye og gamle medlemmar velkomne til møtet!
mandag 6. oktober 2014
onsdag 1. oktober 2014
Oktober!!!
Oktober er her! Og her har du ein flott Quiltekalendar for oktober! Den inneheld heile 31 flotte sydagar :)
Last ned HER og skriv ut!
mandag 29. september 2014
Bokstavquilt!
Om du har lyst til å lage ein annleis quilt, så finn du denne ideen på bloggen til Temecula quilt company.
Her er det ein"Alfabet-Tutorial" som går over tid, for kvar onsdag og søndag vert det lagt ut nye bokstavar. HER kjem du rett til dei bokstavane som er komt ut hittil. Elles kan du søke på etiketten "little letters" på bloggen.
Eit overkomeleg tempo må ein vel seie! Dette starta opp 7. september, så du rekk å henge med! Som du sikkert har sett, så er dette det engelske alfabetet, så då må du avslutte det norske alfabetet sjølv!
Quiltaren Den syende himmel syr desse blokkene, så følg med der også!

Tips!
Har fått dette tipset frå ein medlem:
"Salg på Hovden Møbel A/S, her kan du kjøpe restestoff av møbelproduksjon og div. andre ting. Salget foregår denne veka. Adresse er Hovden, Ytrehovdevegen 77, mellom Volda og Ørsta og åpningstida er 7.30-15.30."

søndag 28. september 2014
"Lemoyne Star"-kurs
Søndag 21.9 arrangerte vi eit dagskurs der vi fekk lære bruken av "Lemoyne-Star"-linjalen.
Vi var mange spente på korleis vi skulle bruke denne linjalen, og om den var så god som ryktet sa. Kort fortalt så var det berre fornøgde kursdeltakarar å sjå, for her dukka den eine perfekte stjerna etter den andre opp. Kursholder Ingun Vaksdal hadde laga gode modellar og med ei enkel forklaring på "Flipover"og vising av teknikken, så var det ikkje vanskeleg å få til desse stjernene.
Her er det finskjæring av ein del til stjerna.
Det vart laga stjerner i alle valørar og størrelsar. Vi håpar på å fjå sjå nokre ferdige arbeid på neste klubbmøte!

fredag 26. september 2014
Kurs med Bente Malm!
Haust er kurstid, og no kjem kurs nr. 2 denne hausten.
Kurshelga er 24. til 26. oktober på Stokkenes Gjestegard, Nordfjordeid. Då kjem Bente Malm og lagar til eit flott kursopplegg! Her får du både i pose og sekk, for vi har fått henne til å holde 2 ulike kurs på ei helg!
Kurshelga startar fredag 24.10 kl 18-21 med "Småting for sydamen".
Dette kurset fortset laurdag kl 11-16.
Bente skriv dette i bloggen sin: Små, nyttige ting til sysakene våre. Kombinert håndsøm og maskinsøm. Delene er dekorert med engelsk papirsøm (1/2" hexagon) og yo-yo'er.
Som de ser på bilda, så er små Hexagon ein del av dekoren. Dei som melder seg på kurset, vil få tilsendt info om desse små hexagon slik at einkan sy desse heime før kurset! Bente sender oss info om dette slik at vi får sydd ferdig fleire av desse småtinga på kurset!
Søndag er det kurs kl 9.00-16.30. Då handlar kurset om Tri Recs linjalen. Dette er ein linjal med utruleg mange moglegheiter, du kan lage alt frå enkle mønster til meir samansette.
Påmeldinga kan ta til allereie no til Ingun. Kontakt henne på tlf 99482474, på butikken Primula Design eller på epost ingun.svanhild.vaksdal@gmail.com
Det vert også høve til påmelding på neste klubbmøte 7.10.
Kurshelga er 24. til 26. oktober på Stokkenes Gjestegard, Nordfjordeid. Då kjem Bente Malm og lagar til eit flott kursopplegg! Her får du både i pose og sekk, for vi har fått henne til å holde 2 ulike kurs på ei helg!
Kurshelga startar fredag 24.10 kl 18-21 med "Småting for sydamen".
(Bilda er Bente Malm sine kursbilder)
Dette kurset fortset laurdag kl 11-16.
Bente skriv dette i bloggen sin: Små, nyttige ting til sysakene våre. Kombinert håndsøm og maskinsøm. Delene er dekorert med engelsk papirsøm (1/2" hexagon) og yo-yo'er.
Som de ser på bilda, så er små Hexagon ein del av dekoren. Dei som melder seg på kurset, vil få tilsendt info om desse små hexagon slik at einkan sy desse heime før kurset! Bente sender oss info om dette slik at vi får sydd ferdig fleire av desse småtinga på kurset!
Søndag er det kurs kl 9.00-16.30. Då handlar kurset om Tri Recs linjalen. Dette er ein linjal med utruleg mange moglegheiter, du kan lage alt frå enkle mønster til meir samansette.
TriRecs-linjalen
Som det står inne på bildet her; "Triangle in a square", så handlar dette om å lage trekantar i ein firkant!
Her er litt bilder henta frå søk på Google:
Bente har nok halde mange kurs med denne populære men enkle linjalen, på bildet under ser du flotte blokker som vart laga på kurs hos Haugtussa quiltelag. Fleire bilder frå kurset finn du her:
Det vert også høve til påmelding på neste klubbmøte 7.10.
fredag 19. september 2014
Velkommen til søndagskurs!
No er det snart klar for eit kjekt minikurs, og sidan dette er eit kurs som går berre på søndag, så blir dette ei helg med litt fri og litt kjekk aktivitet!
Det er kanskje nokre ledige plassar på kurset, vil du vere med, så ta kontakt med Ingun!
OBS! OBS!
Det er endring på kurstida, rett tid ser du med raud skrift under her!!
Kurset er "Lemoyne Star" og vert på Stokkenes Gjestegard søndag 21.9 kl 10-16.
Kursholdar er Ingun Vaksdal.
Materialliste:

- Vanleg skjæreutstyr, gjerne nytt knivblad!
- Avlang kort linjal, men det går sikkert bra med lang også!
- Lemoyne Star-linjal, du kan låne av Ingun eller klubben. Ingun har også linjalar for sal.
- Stoff: 1-2 fargar til botnfarge, ca 1/2 m. Til stjerner vert det anbefalt 2-6 fargar. Her er det nok med ca 20 cm i kvar farge. Om du skal lage eit større prosjekt, må du berekne nok stoff i alle fargane du skal bruke.
Velkommen til kurs!
onsdag 10. september 2014
Kurs "Lemoyne Star".
Sysesongen er i gang og no nærmar det seg haustens første kurs i klubben, "Lemoyne Star" v/Ingun Vaksdal.
Dette er ein 1-dags kurs søndag 21. sept. og her får vi lære å bruke linjalen til "Lemoyne Star".
Denne linjalen er enkel i bruk, og vi kan lage perfekte stjerner i fleire ulike storleikar. Bildet under her viser alt frå små til store stjerner den same linjalen kan brukast til.
Denne enkle stjerna går nok aldri av moten, og det er dei utallige kombinasjonane som gjer denne så brukbar!
Påmeldinga til kurset er i gang, men vi har ledige plassar om det er fleire av medlemmane som no vil vere med. Ta i så fall kontakt med Ingun innan måndag 15.9. Om det då er ledige plassar att då, kan andre som ikkje er medlemmar, få plass.
Dette er ein 1-dags kurs søndag 21. sept. og her får vi lære å bruke linjalen til "Lemoyne Star".
Denne linjalen er enkel i bruk, og vi kan lage perfekte stjerner i fleire ulike storleikar. Bildet under her viser alt frå små til store stjerner den same linjalen kan brukast til.
Veggtepper, store tepper, bilder, løparar i fargar til alle høgtider,....
(alle bilda er henta frå DENNE adressa på Pinterest)
tirsdag 9. september 2014
Trekningsliste for lotteriet på Låvemessa
TREKNINGSLISTE LÅVEMESSE 2014 NORDFJORD LAPPE- OG
QUILTEKLUBB
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| AUDNY KILE | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
fredag 5. september 2014
Klart for Låvemesse denne helga!!
Det er no berre timar att til Låvemessa opnar, og vi ynskjer både "gamle" og nye kundar velkomne til "Monsgarden" i Leivdalen.
Låvemessa er open mellom kl. 12 og 18 laurdag og søndag. Her får de møte både godt handverk og kultur på ein plass! Vi har 23 salsboder i låven og ute på tunet og i kafèen vår serverer vi tradisjonsmat som nysteikte sveler og natronkaker.
På låven har vi utstilling av store tepper, sal av ei stor megd quiltearbeid og eit flott lotteri med over 30 gevinstar. Vi har igjen ein flott hovudgevinst: Dukke i ei flott vogge og med stor garderobe!
Søndag vert ein skikkeleg kjekk familiedag, for då er det Open Gard i regi av Eid Bondelag.
Eit lite tips! Når de kjem til garden, vil de sjå ein dekorert MELKERAMPE! Her har vi GRATISLOTTERI om de skriv dykk i boka som ligg der.

Velkomne til Låvemesse!
Abonner på:
Innlegg (Atom)