mandag 2. mai 2022

Maimøte!

 Vi ynskjer velkommen til maimøtet, tysdag 3.5 kl 18.30-21.30.

Denne gongen har vi ikkje noko spesielt opplegg, så ta med deg det du held på med.

Tidlegare år har vi laga ulike ting knytt til nasjonalfargane våre, så ta med deg til Vis og fortel om du har noko vi andre kan få sjå!

Tipsar her om den flotte løparen som medlem Synnøve har lagt ut mønster på HER! Om nokon vil prøve seg på ein slik, så ta med deg stoff/utstyr så er det råd å få om teknikken! Vil du ha med symaskin, så er det ok!


Det vert elles vanleg opplegg med
  • "Vis og fortel"
  • Kaffipause
  • Primula Design med fristande varer.
Matvertar: Hilde Elvebakken, Signy-Alise Halle, Bodil Johnsen, Aud Leirvik.

Velkommen!


onsdag 6. april 2022

Trekningsliste frå lotteriet!


Vinnarane av lotteriet ved Regiontreffet NLQ 2.04.22 

Hovudgevinsten – Lotteriteppet - 3808 Jørgen Bjørkedal 

Stort quilta teppe - 2268 Henny Aabrekk 

Løpar og pute - 245 Edny Raknes Reiten 

Bilde - 2519 Olaug Selbergvik 

Løpar og pute - 2059 Kari Sofie Larsen 

Gåve frå Primula Design - 1580 Hilde Iren Elvebakke 

Gåve frå Lappeloftet - 1913 Astri Williams 

Gåve frå Sølvis Quiletestudio - 3597 Beate Lien 

Tråsneller - 17 Nga og Jørgen Bjørkedal 

Toalettveske - 2092 Aud Leirvik 

Selbuvottar - 3499 Siv Smørdal 

Gåve frå Trapp ned - 68 Ingebjørg Lillebotn Utnes 

Løpar og pute - 3799 Marit Helle Bolstad 

Gåve frå Fantasi - 2867 May Kristin Seljenes 

Blomster - 756 Tiril Høyberg 

Løparsett - 3018 Anne Laila Refsnes 

Løpar og puter - 3441 Svanhild Myklebust 

Pute - 1743 Solfrid Nordvik 

Stoffpakke - 3793 Marit Helle Bolstad 

Løpar - 2821 Vigdis Marifjæren 

Løpar - 3669 Anna Sole 

Pute - 1810 Aud Leirvik 

Løpar - 2601 Kristin Tørundstad 

Tennbrikettskjular - 309 Laila Utnes Piel 

Løpar - 3157 Norunn Melheim 

Lapptoppstøtte - 2107 Inger Karin Grov 

Vevd fillerye - 3324 Kari Lise Solheim 

Strikka barnegensar - 293 Sølvi Urke Høynes 

Løpar - 3724 Torild B. Sørland 

Fiskefat - 1616 Lill Sanders 

Løpar - 1152 Unni Hermannsen Torheim 

Strikka dukkeklær - 912 Anne Marie Holsvik 

Veske m/bok m.m. - 761 Trym Høyberg 

Strikka barnekjole - 3389 Sissel Berit Myrold 

Pute - 2709 Juliane Lefdal 

Bærenett - 3215 Liv Anne Hafsås 

Bærenett - 3769 Kari Engelund 

Pute - 2731 Kari Mette Brandsar 

Joggesett barn - 221 Mona Skålerud 

Gåve frå Lappestua - 1799 Aud Leirvik 

Sypakke, veske - 2484 Norunn Melheim 

Spisebrikker og mugs - 1609 Anne Grete Rudlang 

Quiltebok - 432 Wenche og Åmund Starheim 

Veske - 1728 Vigdis Petersen 

Veske - 233 Edny Raknes Reiten 

Layercake - 885 Solfrid Fløholm 

Leikemotorsag - 858 Lill Sandnes 

Løpar - 3272 Kari Midtbø Råsberg 

Veske - 1008 Marte E. Sundgot 

Brikke - 1179 Janne G. Vatne 

Syskrin m/sysaker - 3029 Anne Laila Refsnes 

Linjalar - 59 Asbjørg Bjørkedal 

Bali Pop - 3 Mona Skålerud 

Bali Snapps - 1926 Astri Williams 

Boka Lappegleder - 1203 Janne G. Vatne 

Telysglass - 3325 Aslaug Alsaker 

Selbuvottar - 497 Torun Føllesdal Utnes 

Selbuvottar - 1011 Marte E. Sundgot 

Brikker - 735 Gunhild Øigarden

mandag 4. april 2022

Aprilmøte!

Så er vi i gang  med kvardagen igjen og det blir ny møtedag tysdag 5.4 på Stokkenes Gjestegard.

Denne dagen har vi "langdag" og dørene opnar kl 12. Kaffi/te heile dagen og litt restemat frå Regionstreffet ca kl 15/15.30.

Det er då høve å komme for å bruke dagen til å sy i  lag med andre. Du tek med deg symaskin og elles det du treng, strykejern/brett vert tilgjengelig. 

Tema for klubbmøtet som startar 18.30 denne gongen er FUGLAR, og her tenkjer vi fuglar i alle fargar og former og teknikkar. Her oppmodar vi medlemmane til å ta med det som dei har av quilta eller broderte ting og evt mønster dei har til dette temaet.

Til forige Regionstreff sydde vi eit flott fugleteppe til lotteriet og vi har mønsteret fremdeles. Til dei som vil sy slike blokker  før møtet,  må  ta med stoff til bakgrunn og mange restar til fuglekroppen.


Blokkene er sydd sammen av kutta remser/bitar. Eit liknande mønster finn du også mønster til  frå McCalls Quilting.

Vi har andre døme på liknande blokker der vi kan sy på papir, bilda under er henta frå Pinterest.






Om du har liknande mønster, så ta dei med. Det er elles lett å lage nokre av desse mønstera på rutepapir, forma er enkel og består av rektangel med hurtighjørner og trekantar!

Andre fuglar vi kan sy er småfuglar sydd over papp, fine til å henge i påskepynten! Ta med deg tynn papp, limstift, tynn bordvatt eller litt fyllvatt, noko til auger og bein og oppheng.

Bildet under er frå  den fine pynten ved kyrkja under Regionstreffet denne helga som var.



Vil du sy stitchery så har vi vårmotivet vårt som mange sydde for nokre år sidan:



....eller vil du sy ei påskehøne? Mange fine motiv å finne på Pinterest, berre å søke med orda Stitchery og td, birds, hen, easter mm. Du vil få flest treff med engelske ord.



Det vert elles vanleg klubbmøte frå kl 18.30-21.30:
  • Info frå styret med evaluering av Regionstreffet
  • Vi fortset med tema fuglar, syr og deler idear!
  • Vis og fortel
  • Matvertar Ingrid Nordal, Solfrid Norvik, Randi Røys og Ragnhild Sande.syter for noko til kaffipausen.


Velkommen!


lørdag 2. april 2022

Ein utruleg flott dag er over!!

Så er Regionstreffet over og vi sit att med ei utruleg flott oppleving! Det same håper vi at alle våre gjester også har hatt.

Vi hadde ein draum om ei annleis utstilling, vi lufta den med medlemmane, for så å sende ein søknad til kyrkja om å bruke lokalet til utstilling. og vi fekk JA!!



Ei slik utstilling har truleg ikkje vore her i landet før, så vi var litt spente kor dette ville bli.

No i etterkant kan vi sjå tilbake på ei storstilt utstilling med heile 169 utstilte arbeid. 




Og vi som trudde at kyrkja var for stor for oss,...ja vi fekk knapt plass til publikum lengst framme i kyrkja. Her sat vi og fekk høyre på eit imponerande foredrag om kyrkjetekstilar av tekstilkunstnaren Eldrid Røyset Førde. Ho førte oss gjennom både histore og utvikling av dei ulike tekstilar som høyrer til i kyrkjer. Ho har designa og sydd ulike tekstilar til 6 kyrkjer og fortalde om både fargar, symbolikk og prosessen frå ide til ferdig produkt.




Vi hadde elles godt besøk i både kafe, lotteri og butikkar med quiltevarer i Kyrkjetunet.

Takk til alle som var innom oss på denne dagen, vi håper at vi kunne både inspirere med quiltane på utstillinga og at de fekk ei minnerik oppleving ved å sjå ei quilteutstilling på ein annleis måte!


Regionstreff!

 I dag startar Regionstreffet på Nordfjordeid! 

Vi har mykje å by på; utstilling i Eid kyrkje med foredrag om Kyrkjetekstilar, lotteri men mange flotte gevinstar og kafe og butikkar i Eid Kyrkjetun!

Velkommen til alle tilreisande! 



søndag 20. mars 2022

Presentasjon av butikkar!

Vi er så heldige at det kjem heile 6 butikkar på Regionstreffet 2. april!

Presenterer dei her med link til Facebooksida deira. Om det er spesielle varer du er ute etter å kjøpe under treffet, så er det lurt å ta kontakt med butikken i forkant slik at den vara vert med!!

Her er lista:

  • Frå naboen vår i aust kjem Lappeloftet som held til i Vågå.


Frå Fosnavåg på Sunnmøre kjem Sølvi Quiltestudio, godt kjent for flott quilting av tepper som vi syr! Og har butikk i tillegg.  


  • Frå Førde kjem Trapp ned, den vesle gule butikken midt i sentrum! Godt uval av stoff og Marit er erfaren sydame!

  • Frå Sandane kjem Fantasi! Butikken som er både fysisk butikk midt i sentrum og som har nettbutikk! Butikken har ofte sy- og hobbykveldar og stort  utval av hobbymateriell.

  • Frå Nordfjordeid kjem Lappestua Eid. Butikken har sal og service av symaskiner og sel utstyr til saum  Driv også med bunadskurs og har godt utval av stoff og utstyr til Nordfjordbunad. Har av og til Pop-up-butikk i sentrum! 


  • Frå Nordfjordeid kjem Sybutikken Primula Design, den vesle sjarmerande butikken rett ved Klemmekroken i Eidsgata! Her er stort utval av stoff og du får gode råd om quilting av erfarne Ingun! 

Lotteri!

Som vanleg på Regionstreff har vi lotteri med mange flotte gevinstar. Det er rundt 30 gevinstar på bok. Vi har to store tepper som er sydd av medlemmane og mange andre kjekke gevinstar! 



Dei to store lotteriteppa!






Dette lotteriet er i gang og vi skriv lodd på bok, på den "gammaldagse"måten. Men vi vil også gjere lotteriet meir moderne, og difor har vi også laga til mulighet for å ta lodd digitalt. 

Slik gjer du det :

De kan kjøpe lodd ved å sende pengar på Vipps til nr 512495, registrert på Nordfjord Lappe- og Quilteklubb. Lodd kostar kr 5.

VIKTIG!!

Husk å ta ut kvitteringa på skjermdump og send den på sms til ein av desse:

  • Synnøve Torheim   tlf 98005242
  • Asbjørg Bjørkedal  tlf 47275177
Skriv både beløp og kven vi skal skrive lodda på (namn, adr og tlf) og dei fører deg inn i lotteribok. Du får tilbakemelding når det er gjort.

Trekning laurdag 2. april kl 15.30.



Vi gleder oss til Regionstreff!

 Ja, no er det berre to veker til vi skal ha Regionstreffet, og vi håpar på at mange vil ta turen til Nordfjordeid denne dagen!



søndag 13. mars 2022

Regionstreff, frist for påmelding!!

 Det nærmer seg påmeldingsfristen som er den 15.3 til Regionstreffet!! Vi treng å vite kor mange som kjem for å planlegge lunsj.



Fint også om du melder frå om kva du stiller ut.
All påmelding/spørsmål til epost: torunn@solihav.no
Det kjem til å bli kjekt å møtast att, og med stor utstilling i Eid kyrkje, eit interessant foredrag og 6 butikkar, så vert dette ein flott dag. Ta med familien på tur, dette er i beste shoppingtid i Nordfjordeid sentrum og det er mykje å finne på for dei som ikkje vil sjå på quilting!
Program:
• 9.00 Dørene opnar for rigging av utstilling i Eid kyrkje og butikkar i Eid kyrkjetun.
• 9.30 Sal av smørbrød, kaker, frukt, kaffi/te/brus og loddsal i Eid kyrkjetun.
• Det er gratis inngang for publikum, publikum kan sjå på utstillinga, besøke butikkar og kjøpe kaffi/kaker på kafeen.
• Lotteri med flotte gevinstar.
• 12.00 Foredrag v/Eldrid Røyset Førde, «Kyrkjetekstilar,- spanande og meiningsfulle oppdrag»
• 14.00 Lunsj for påmelde, åresal og loddsal på bok.
• 15.30 Trekning av lotteriet på bok


lørdag 5. mars 2022

Det nærmar seg Regionstreffet på Nordfjordeid!

 




Det nærmar seg Regionstreffet på Nordfjordeid laurdag 2. april. Utstillinga opnar kl 9 for rigging.

Vi har påmeldingsfrist 15. mars, så vi håper no at mange tek kontakt for å gje beskjed om at dei kjem og har med quiltar. Då får vi tal for kor mange som skal ha lunsj og kor mange quiltar det kjem på utstillinga.

Til dei som no vil komme og ha med noko til utstillinga, finn de her merkelappen til å feste på. Det er fint om de tek kontakt i forkant for å melde på quiltar (også om du berre skal stille ut og ikkje ha lunsj) slik at vi veit kor mange som kjem med quiltar. Vi ynskjer ikkje småting på utstillinga, men puter, tepper, løparar og liknande vil passe.

Alle interesserte kan komme og sjå utstillinga, komme i kafeen vår i Kyrkjetunet og ta lodd på flotte gevinstar.

E-post for påmelding og info om antal quiltar, mm: torunn@solihav.no
Skriv den ut og ha den festa på kvar quilt når du kjem til utstillinga.
Om du vil ha den som word-dokument, tek du kontakt på epost.




Utstillinga går føre seg i Eid kyrkje og vi skal bruke kyrkjebenkane til å stille ut på. Utstillinga er open for alle og det er gratis inngang.

Program:

·        9.00  Dørene opnar for rigging av utstilling og butikkar .

·       9.30 Sal av smørbrød, kaker, frukt, kaffi/te/brus og loddsal i Eid kyrkjetun.

·       Det er gratis inngang for publikum, publikum kan sjå på utstillinga, besøke butikkar og kjøpe kaffi/kaker på kafeen. 

·       Lotteri med flotte gevinstar.

·       12.00 Foredrag v/Eldrid Røyset Førde, «Kyrkjetekstilar,- spanande og meiningsfulle   oppdrag»-

·       14.00 Lunsj  for påmelde, åresal og  loddsal på bok.

·       15.30 Trekning av lotteriet på bok